Urix

09.11.2013 Verden på lørdag

09.11.2013 Verden på lørdag

09.11.2013 Verden på lørdag

Hør episoden57 min

Del lenke

Om episodenTidspunkterDetaljerMedvirkendeAndre har også hørtNytt håp om gjennombrot i atomforhandlingane med Iran - samtalane held fram i Genève i dag. Det er 75 år sidan Krystallnatta - vår reporter i Berlin har nye opplysningar om påskotet nazistane brukte for sine herjingar i 1938. Millionar av amerikanarar mistar helseforsikringa si - Obama er på nytt i hardt vêr på grunn av helsereforma Skandaleval i den serbiske delen av Kosovo til trass- ekspertane kallar valet ein milepæl. I Storbritannia er det sexskandalane som står i fokus - to tidlegare redaktørar for avisa News of the World står tiltalt for avlytting - vi får siste sladder frå London. Moskvakorrespondent Hans-Wilhelm Steinfeld sender ei sjakkhelsing til Magnus Carlsen som i dag skal kjempe om verdsmeistertittelen i India. Og Amerikanarane har eit ambivalent forhold til døden, DET får vi høyre i korrespondentbrevet til Gro Holm heilt i slutten av sendinga. Vel møtt til Verda på laurdag - eg heiter Roger Sevrin Bruland og skal guide deg gjennom aktuelle utanrikspolitiske saker den neste timen.