Studio 2

9. november 2017

9. november 2017

9. november 2017

Hør episoden1 t 53 min

Del lenke

Om episodenTidspunkterDetaljerMedvirkendeAndre har også hørtNigeriansk filmbransje produserer femti filmar i veka og sysselsetter ein million menneske. Kan det kome kvalitetsfilmar frå eit masseproduserande Nollywood? * Kven er eigentleg karakteren Peer Gynt basert på? I år er det 150 år sidan Ibsen ga ut langdiktet "Peer Gynt", og vi spekulerer i kva historisk person det bygger på. * Alt var betre før, og derfor er det ganske dristig å skulle spele inn krimklassikaren "Mord på Orientekspressen" på nytt. Vi sendte to krimglade og livserfarne herrar på kino for å sjå om alt verkeleg var betre før. * Pøh, seier bankane, bitcoin.. Kryptovaluta er til for kvitvasking av pengar og finansiering av terror.. I fjerde del av serien vår om bitcoin høyrer vi om problema til valutaen. * Mykje tyder på at den afrikanske republikken Burundi er i ferd med å styrke kvinner sine rettar. Mellom anna er 91 prosent av kvinnene yrkesaktive. Likevel har den burundiske presidenten no nekta kvinner å spele på dei tradisjonelle trommene i landet. Kvifor det? * Oslo Kommune har sett ut fleire blomsterpotter og midlertidige hindringar for å sikre byen mot terror. Korleis skaper vi sikrare byar, utan at det kjennest ut som om vi bur i ei krigssone? * Spoiler alert! Eller røpealarm! Dersom du ikkje vil vite korleis røpealarmen vart ei sjølvfølge i dei fleste kulturomtalar, bør du IKKJE høyre på Studio 2 i dag. Du er åtvara. * Kva slags revolusjonære tekstar finst i dag, 150 år etter at det første bindet av Karl Marx' Kapitalen kom ut? Vi gir deg revolusjonære lesetips.