
Missy Mazzoli på Festspillene i BergenDen amerikanske komponisten Missy Mazzoli er festivalkomponist på Festspillene i Bergen. Mazzoli har bana sin eigen veg i musikkverda. Hennar fire operaar vert rekna blant dei viktigaste så langt i den 21. hundreåret. Då The Metropolitan for første gong i historia bestilte ein opera av ei kvinne i 2018, var Mazzoli den eine av to som vart spurd.
Mazzoli driv også Luna Composition Lab, eit mentorprogram i komposisjon for unge jenter og ikkje-binære, der dei får hjelp til å realisere draumane sine om å bli skrive musikk.
På Festspillene i Bergen framførte Peter Herresthal Mazzolis Vespers for violin (2018) og fiolinkonserten Dark with Excessive Bright (2021) saman med Bergen filharmoniske orkester, leia av James Gaffigan, og BIT20 framfører hennar Enthusiasm Strategies (2019). Spillerom søndag møter Missy Mazzoli og nokre av dei som framfører musikken hennar.