Naturens verden

1. mars 2015

1. mars 2015

1. mars 2015

Hør episoden57 min

Del lenke

Om episodenTidspunkterDetaljerMedvirkendeAndre har også hørtRundt Mosvannet i Stavanger søv tusenvis av kråker saman i tretoppane om vinteren, vi er der når dei vaknar og begynner å skravle. Etter kvart lettar dei i store svermar for å fly til åkrar og matfat rundt om i heile Rogaland, før dei kjem tilbake til fellesovernattinga om kvelden att. Dei smarte fuglane har store hjernar, og hadde høg status i folketrua før. Men statusen har stupt grunna religion og den store bybrannen i London i 1666… På Lesja blir vi med på ultralydundersøking av sauer, og det er talet på lam i magen som avgjer kor mykje fôr sauen får. Stadig fleire sauer føder både tre og fire lam, eitt av lamma blir då lura bort til ein sau som berre fekk eitt lam sjølv. Dagens art er amasonemaur, som berre er funnen på Skåtøy utanfor Kragerø. Der raidar dei andre maurtuer og skaffar seg slavar.