Radioprogram
Radioprogram
Naturens verden
Naturprogram som tar lytterne med på naturopplevelser landet rundt.- mai 20154 episoder
- Den utryddingstruga pseudoskorpionen er oppdaga nokre få plassar her i landet, i dag finn vi den under barken på eit daudt tre i Larvik. Ospetre som dør og rotnar er ekstra rike på liv. Vi jaktar på insekt, og finn både utryddingstruga og vanlege artar i ein frodig skog i Larvik. Ein sjeldan maur som lever i daude, tørre tre er ekstra kjekk å finne, for den lever i sameksistens med andre, kule insekt. Kvar vår kjem moskusen ned frå fjellet for å beite på ferskt gras. Men farar trugar, i pinsa blei seks moskus drepne av toget. Dagens art er gråhegren, som er ein balansekunstnar der han hekkar høgt oppe i trea. Med lang hals og nebb er han ei levande fiskestong.31. mai 201531. mai 2015Den utryddingstruga pseudoskorpionen er oppdaga nokre få plassar her i landet, i dag finn vi den under barken på eit daudt tre i Larvik. Ospetre som dør og rotnar er ekstra rike på liv. Vi jaktar på insekt, og finn både utryddingstruga og vanlege artar i ein frodig skog i Larvik. Ein sjeldan maur som lever i daude, tørre tre er ekstra kjekk å finne, for den lever i sameksistens med andre, kule insekt. Kvar vår kjem moskusen ned frå fjellet for å beite på ferskt gras. Men farar trugar, i pinsa blei seks moskus drepne av toget. Dagens art er gråhegren, som er ein balansekunstnar der han hekkar høgt oppe i trea. Med lang hals og nebb er han ei levande fiskestong.57 min
- Reine skogar, rein mat og frisk natur kjem ikkje av seg sjølv. I Buskerud satsar dei på framtidas naturbrukarar innan skogbruk, jordbruk, fiske og fangst. Folk frå alle desse laga og næringane lagar kvart år til ein festdag i fjellet for alle vidaregåande elevar på naturbruk. Der går dei rebusløype og lærer om dyrevelferd og skogbruk, jakt og forvalting. Vi er med på årets topptur i Kongsberg. Vi skal også høyre om eit nytt forsøk med beiteressursar i sauenæringa. Beitemark som ligg brakk blir tatt i bruk av sauer, og bonden brukar graset på innmarka til vinterfôr. Dagens art er hoggorm, der er det slik at hannen stikk av etter paring og hoa treng ein varm sommar for å få fram ungane.24. mai 201524. mai 2015Reine skogar, rein mat og frisk natur kjem ikkje av seg sjølv. I Buskerud satsar dei på framtidas naturbrukarar innan skogbruk, jordbruk, fiske og fangst. Folk frå alle desse laga og næringane lagar kvart år til ein festdag i fjellet for alle vidaregåande elevar på naturbruk. Der går dei rebusløype og lærer om dyrevelferd og skogbruk, jakt og forvalting. Vi er med på årets topptur i Kongsberg. Vi skal også høyre om eit nytt forsøk med beiteressursar i sauenæringa. Beitemark som ligg brakk blir tatt i bruk av sauer, og bonden brukar graset på innmarka til vinterfôr. Dagens art er hoggorm, der er det slik at hannen stikk av etter paring og hoa treng ein varm sommar for å få fram ungane.57 min
- Snorkling på Vestlandet gir ekstra rike opplevingar av det spennande livet i havet. Ein marinbiolog frå Bulandet vil ha fleire i sjøen, og fortel om vakre og sjeldne skapningar vi kan oppleve når vi snorklar i fjæra og under flytebrygga. Skjærtorsdag blir det festival i Bulandet med fotoutstilling av sjøens vakre skapningar, marine aktivitetar og spennande sjømat. I Oppdal møter vi ein mann som sette ut den no svartelista kanadagåsa i Noreg. Seinare var han nær ved å drukne då han vart angripen av ein kanadagasse. Dagens art er grevling, eit nattedyr som lubbar rundt og et meitemark og sneglar. Blir han provosert, så bit han, og det hardt.10. mai 201510. mai 2015Snorkling på Vestlandet gir ekstra rike opplevingar av det spennande livet i havet. Ein marinbiolog frå Bulandet vil ha fleire i sjøen, og fortel om vakre og sjeldne skapningar vi kan oppleve når vi snorklar i fjæra og under flytebrygga. Skjærtorsdag blir det festival i Bulandet med fotoutstilling av sjøens vakre skapningar, marine aktivitetar og spennande sjømat. I Oppdal møter vi ein mann som sette ut den no svartelista kanadagåsa i Noreg. Seinare var han nær ved å drukne då han vart angripen av ein kanadagasse. Dagens art er grevling, eit nattedyr som lubbar rundt og et meitemark og sneglar. Blir han provosert, så bit han, og det hardt.57 min
- No er det bevist, det som hagefolk alltid har sagt: hagearbeid gjer deg lykkelegare. Forsking viser at jobbing med planter og jord utløyser ein kjemisk reaksjon som tilsvarar den såkalla lykkepillen. Vi får gode tips og råd av ein hageekspert i Bergen, som også har ein genial måte å halde brunsneglar unna kjøkenhagen på. Vi skal også til Kristiansand og høyre om himmelvid skilnad på god og dårleg jord. I lufta flyr fuglar inn i master og straumleidningar og dør i tusental kvart år, derfor er det no laga livreddande designmaster.3. mai 20153. mai 2015No er det bevist, det som hagefolk alltid har sagt: hagearbeid gjer deg lykkelegare. Forsking viser at jobbing med planter og jord utløyser ein kjemisk reaksjon som tilsvarar den såkalla lykkepillen. Vi får gode tips og råd av ein hageekspert i Bergen, som også har ein genial måte å halde brunsneglar unna kjøkenhagen på. Vi skal også til Kristiansand og høyre om himmelvid skilnad på god og dårleg jord. I lufta flyr fuglar inn i master og straumleidningar og dør i tusental kvart år, derfor er det no laga livreddande designmaster.57 min