Radioprogram
Radioprogram
Naturens verden
Naturprogram som tar lytterne med på naturopplevelser landet rundt.- november 20174 episoder
- På Holt gård i Undrumsdal i Vestfold lever hest, sauer, griser, kyr, høner, ender og kattar godt saman, og får mykje folk på besøk. Andelshavarar dyrkar alskens grønsaker, gjærbakst steikast i vedfyrt omn og kumjølka blir til joghurt og ostar for besøkande. Låvenissen får graut kvar kveld i adventstida, men den gangen grauten uteblei på sjølvaste julafta gjekk alt gale... I Sunndal hadde to damer nokre få kosehøner kvar. Seks år seinare sel dei 360.000 egg i månaden som dei sjølv køyrer ut i ein lilla varebil. Dagens art er månefisk, som er verdas største beinfisk.26. november 201726. november 2017På Holt gård i Undrumsdal i Vestfold lever hest, sauer, griser, kyr, høner, ender og kattar godt saman, og får mykje folk på besøk. Andelshavarar dyrkar alskens grønsaker, gjærbakst steikast i vedfyrt omn og kumjølka blir til joghurt og ostar for besøkande. Låvenissen får graut kvar kveld i adventstida, men den gangen grauten uteblei på sjølvaste julafta gjekk alt gale... I Sunndal hadde to damer nokre få kosehøner kvar. Seks år seinare sel dei 360.000 egg i månaden som dei sjølv køyrer ut i ein lilla varebil. Dagens art er månefisk, som er verdas største beinfisk.53 min
- I haust vann "Ostegården" i Bergen NM-gull for sin vellagra Fanaost, vi blir kjent med den livlege garden og alle husdyra. Her beitar kyrne på grønkledde vikinggraver, og tek seg gjerne eit bad i Fanafjorden. Minigrisane har eit stort uteområde, og hønene lever eit fritt liv. Vi blir med inn på ysteriet, og høyrer korleis muggost, gresk joghurt og vellagra ostar blir laga, etter oppskrift frå dei beste i verda. I Kristiansund får vi høyre at ein del hageplanter må gravast opp om hausten og takast inn i eit frostfritt rom. Bedet kan pyntast med lyng og einekvistar. Dagens art er treet alm.19. november 201719. november 2017I haust vann "Ostegården" i Bergen NM-gull for sin vellagra Fanaost, vi blir kjent med den livlege garden og alle husdyra. Her beitar kyrne på grønkledde vikinggraver, og tek seg gjerne eit bad i Fanafjorden. Minigrisane har eit stort uteområde, og hønene lever eit fritt liv. Vi blir med inn på ysteriet, og høyrer korleis muggost, gresk joghurt og vellagra ostar blir laga, etter oppskrift frå dei beste i verda. I Kristiansund får vi høyre at ein del hageplanter må gravast opp om hausten og takast inn i eit frostfritt rom. Bedet kan pyntast med lyng og einekvistar. Dagens art er treet alm.53 min
- Dei prydar vegkantar og strender med dei vakraste blomar og fargar, men er eigentleg hagerømlingar som fortrenger norsk natur. Lupiner, kanadagullris og syriner er døme på innførte hageplanter som sprer seg vilt og er på svartelista over uønska artar. Vi høyrer om kvifor dette er eit stort problem, og korleis vi kan bekjempe svartelista planter som verstingen parkslirekne. Tauhemper av bjørk vart bruka til båtar, hestar og grindoppheng. For å klare seg i naturen måtte ein kunne å lage ein spænild. Dagens art er hummar, som er raudlista og truga av amerikansk hummar.12. november 201712. november 2017Dei prydar vegkantar og strender med dei vakraste blomar og fargar, men er eigentleg hagerømlingar som fortrenger norsk natur. Lupiner, kanadagullris og syriner er døme på innførte hageplanter som sprer seg vilt og er på svartelista over uønska artar. Vi høyrer om kvifor dette er eit stort problem, og korleis vi kan bekjempe svartelista planter som verstingen parkslirekne. Tauhemper av bjørk vart bruka til båtar, hestar og grindoppheng. For å klare seg i naturen måtte ein kunne å lage ein spænild. Dagens art er hummar, som er raudlista og truga av amerikansk hummar.53 min
- På Brusand blir gåseflokken flytta rundt så dei alltid har grønt beite. I det store vatnet får dei plaske og heime får dei mat. Ulike hønerasar frå inn- og utland lever også ilag hos leiaren for Rogaland rasefjærfeklubb. Jærhøna er vår einaste norske hønerase, den er på landsutstillinga for fjærfe i Stavanger i helga saman med gås, and, kalkun mm, der Noregsmeisteren blir kåra. Havet blir kaldare og det er haust også i havet. Tang dør, silda reiser sin veg og raudåta sig ned mot djupet. Dagens art er hubroen, Europas største ugle som kan bli 180 cm mellom vengene.5. november 20175. november 2017På Brusand blir gåseflokken flytta rundt så dei alltid har grønt beite. I det store vatnet får dei plaske og heime får dei mat. Ulike hønerasar frå inn- og utland lever også ilag hos leiaren for Rogaland rasefjærfeklubb. Jærhøna er vår einaste norske hønerase, den er på landsutstillinga for fjærfe i Stavanger i helga saman med gås, and, kalkun mm, der Noregsmeisteren blir kåra. Havet blir kaldare og det er haust også i havet. Tang dør, silda reiser sin veg og raudåta sig ned mot djupet. Dagens art er hubroen, Europas største ugle som kan bli 180 cm mellom vengene.53 min