Radioprogram
Radioprogram
Naturens verden
Naturprogram som tar lytterne med på naturopplevelser landet rundt.- februar 20154 episoder
- Vi opplever det artsrike Mosvannet i Stavanger, og høyrer om dyr og insekt som ligg i dvale rundt oss i terreng og husvegg. Over 60 hekkande fugleartar har blitt sett ved Mosvannet, også mange utryddingstruga. Sjøfuglane har òg fått heimesnekra holme midt ute i vatnet. Ein sjeldan orkide som veks i midtrabatten på Europavegen i Stavanger, skal flyttast til Mosvannet for å overleve som art. Vi besøker også Gjermundnes landbruksskule, for no er det berre ei veke til fristen går ut for å søke plass på vidaregåande skule. Kjem du inn på Naturbruk på Gjermundnes, kan du ta med hesten din. I serien «Dagens art» handlar det i dag om Islandslav, som blei brukt som medisin og til å drøye mjøl.22. februar 201522. februar 2015Vi opplever det artsrike Mosvannet i Stavanger, og høyrer om dyr og insekt som ligg i dvale rundt oss i terreng og husvegg. Over 60 hekkande fugleartar har blitt sett ved Mosvannet, også mange utryddingstruga. Sjøfuglane har òg fått heimesnekra holme midt ute i vatnet. Ein sjeldan orkide som veks i midtrabatten på Europavegen i Stavanger, skal flyttast til Mosvannet for å overleve som art. Vi besøker også Gjermundnes landbruksskule, for no er det berre ei veke til fristen går ut for å søke plass på vidaregåande skule. Kjem du inn på Naturbruk på Gjermundnes, kan du ta med hesten din. I serien «Dagens art» handlar det i dag om Islandslav, som blei brukt som medisin og til å drøye mjøl.57 min
- Bondesamarbeid i øysamfunnet Fjell vest for Bergen gav suksessen Strilalam, som produserer kortreist kjøtmat og saueskinn. Både villsau, spælsau og kvit sau er med hos bøndene som fekk Bygdeutviklingsprisen i fjor. Etter storbrann i utmarka på Sotra for nokre år sidan, slo fleire bønder seg saman og starta med villsauer. Også dei i Strilalam. På vinterville Hustadvika i Møre og Romsdal blir det arrangert kurs i ureist mat. Hjorten blir partert og tang plukka og ete i havgapet. Og dagens art er Dompap!15. februar 201515. februar 2015Bondesamarbeid i øysamfunnet Fjell vest for Bergen gav suksessen Strilalam, som produserer kortreist kjøtmat og saueskinn. Både villsau, spælsau og kvit sau er med hos bøndene som fekk Bygdeutviklingsprisen i fjor. Etter storbrann i utmarka på Sotra for nokre år sidan, slo fleire bønder seg saman og starta med villsauer. Også dei i Strilalam. På vinterville Hustadvika i Møre og Romsdal blir det arrangert kurs i ureist mat. Hjorten blir partert og tang plukka og ete i havgapet. Og dagens art er Dompap!57 min
- Vi besøkjer ein frodig fjordhage i Redal i Naustdal kommune, og får tips til vinterstell og planting av urtehage. Ville vestlandsstormar og sterke naturkrefter har forma folket langs kysten, vi får høyre om natur og kvardagsdrama på liv og død. Langs heile fjorden protesterer no folk på søknaden om å utvinne mineralet rutil frå Engebøfjellet, med massiv steindumping i Førdefjorden. Og i Sunndal skal vi høyre om gamle tunnellar som ein grunneigar no har overtatt i Oppdølstranda naturreservat. I vår nye serie om artar i naturen, handlar det i dag om minken.8. februar 20158. februar 2015Vi besøkjer ein frodig fjordhage i Redal i Naustdal kommune, og får tips til vinterstell og planting av urtehage. Ville vestlandsstormar og sterke naturkrefter har forma folket langs kysten, vi får høyre om natur og kvardagsdrama på liv og død. Langs heile fjorden protesterer no folk på søknaden om å utvinne mineralet rutil frå Engebøfjellet, med massiv steindumping i Førdefjorden. Og i Sunndal skal vi høyre om gamle tunnellar som ein grunneigar no har overtatt i Oppdølstranda naturreservat. I vår nye serie om artar i naturen, handlar det i dag om minken.57 min
- Vinterstormar som knekk skogar og rotveltar tre er farlege å rydde i. Vi høyrer om trygg ferdsel og smart planting av ny skog som toler stormane betre. Fjoråret blei eit rekordår for felling og omsetjing av tømmer i norske skogar, no treng vi fleire fagfolk som kan skjøtte skogane våre! I Nordland får vi høyre at elg og jordrotter øydelegg fôrballar, og i vår nye serie om ulike artar i naturen ser vi i dag på harlekinmarihøna.1. februar 20151. februar 2015Vinterstormar som knekk skogar og rotveltar tre er farlege å rydde i. Vi høyrer om trygg ferdsel og smart planting av ny skog som toler stormane betre. Fjoråret blei eit rekordår for felling og omsetjing av tømmer i norske skogar, no treng vi fleire fagfolk som kan skjøtte skogane våre! I Nordland får vi høyre at elg og jordrotter øydelegg fôrballar, og i vår nye serie om ulike artar i naturen ser vi i dag på harlekinmarihøna.57 min