Radioprogram
Radioprogram
Naturens verden
Naturprogram som tar lytterne med på naturopplevelser landet rundt.- januar 20175 episoder
- Bøndene vi besøker i Hornindal var først i landet med å innføre alpakka, ein sør-amerikansk kamel som er ideell for norske forhold. Alpakkagarn blir ekstra mjukt, fint og varmeisolerande. Desse vennlege flokkdyra klarar også å forsvare seg mot rovdyr. Alpakkakjøtet kjem under nemninga "Superfood" grunna mykje protein og lite feitt, og kan bli framtidssatsing ilag med skinnfell. I 2009 fikk vi 22 utvalde kulturlandskap med store biologiske og kulturhistoriske verdiar. No får vi fleire. Dagens art er albueskjell, eller albuesnegl, som har verdas sterkaste biologiske stoff i tunga si.29. januar 201729. januar 2017Bøndene vi besøker i Hornindal var først i landet med å innføre alpakka, ein sør-amerikansk kamel som er ideell for norske forhold. Alpakkagarn blir ekstra mjukt, fint og varmeisolerande. Desse vennlege flokkdyra klarar også å forsvare seg mot rovdyr. Alpakkakjøtet kjem under nemninga "Superfood" grunna mykje protein og lite feitt, og kan bli framtidssatsing ilag med skinnfell. I 2009 fikk vi 22 utvalde kulturlandskap med store biologiske og kulturhistoriske verdiar. No får vi fleire. Dagens art er albueskjell, eller albuesnegl, som har verdas sterkaste biologiske stoff i tunga si.53 min
- På ein idyllisk gard i fjellsida i Rogaland går geitene til fjells når dei vil, hønene verper og hagen har frukt- og bærtre. I fjøset kjem nye kje til verda, som blir fôra opp. Kjekjøtet er etterspurt, og geitemjølka er god for allergikarar, immunforsvaret og blodtrykket. MEN Landbruksmeldinga foreslår at meieria ikkje skal ha plikt til å ta imot geitemjølk. Då blir det svært utrygt å vere geitebonde. Atlanterhavsparken i Ålesund er kåra til Nordens beste akvarium. 1. februar opnar dei stor utandørs oteravdeling. Dagens art er brunbjørn.22. januar 201722. januar 2017På ein idyllisk gard i fjellsida i Rogaland går geitene til fjells når dei vil, hønene verper og hagen har frukt- og bærtre. I fjøset kjem nye kje til verda, som blir fôra opp. Kjekjøtet er etterspurt, og geitemjølka er god for allergikarar, immunforsvaret og blodtrykket. MEN Landbruksmeldinga foreslår at meieria ikkje skal ha plikt til å ta imot geitemjølk. Då blir det svært utrygt å vere geitebonde. Atlanterhavsparken i Ålesund er kåra til Nordens beste akvarium. 1. februar opnar dei stor utandørs oteravdeling. Dagens art er brunbjørn.53 min
- Vi er på fuglekiking på Jæren med Norsk sjeldenheitskomite for fugl. I fjor haust kom det nye, sjeldne fuglar nærast dagleg til landet vårt, spesielt til rike våtmarksområde langs kysten. Uvanlege høgtrykk og sterke stormar kan kvar på sin måte sende desse sjeldne fuglane til oss frå både aust, vest og sør. Ei megabombe blant fuglekikarar betyr særs sjeldan fugl, ein mindre sjeldan er kinaputt. Uansett kan du få varsel om kvar den er. Vi skal også møte ei hestejente og hovslagar frå Ørlandet. Der møtte ho ein soldat frå Nordmøre og no driv dei småbruk i Lervågen på Tustna. Dagens art er torsk.15. januar 201715. januar 2017Vi er på fuglekiking på Jæren med Norsk sjeldenheitskomite for fugl. I fjor haust kom det nye, sjeldne fuglar nærast dagleg til landet vårt, spesielt til rike våtmarksområde langs kysten. Uvanlege høgtrykk og sterke stormar kan kvar på sin måte sende desse sjeldne fuglane til oss frå både aust, vest og sør. Ei megabombe blant fuglekikarar betyr særs sjeldan fugl, ein mindre sjeldan er kinaputt. Uansett kan du få varsel om kvar den er. Vi skal også møte ei hestejente og hovslagar frå Ørlandet. Der møtte ho ein soldat frå Nordmøre og no driv dei småbruk i Lervågen på Tustna. Dagens art er torsk.53 min
- Stort byggepress gjer at vi et oss stadig lenger inn på naturen og dyras leveområde. Vi registrerer hjortetrakk i Bergen. Om du registrerer artar rundt om i landet på nettsida Artsobservasjoner.no, kan det verne verdifulle naturområde mot utbygging. Busker, tre og myrer klarar å ta unna mykje av ekstremnedbøren som kjem med klimaendringane. Då isen smelta og landet steig, vart fleire artar fanga i innsjøar. Dei kom seg ikkje ut og har levd der i over ti tusen år. Gartnar Morten Bragdø gir gode råd om korleis juleblomane kan få eit nytt liv i hagen etter julehøgtida. Dagens art er snømus, som ikkje er ei mus men eit mårdyr.8. januar 20178. januar 2017Stort byggepress gjer at vi et oss stadig lenger inn på naturen og dyras leveområde. Vi registrerer hjortetrakk i Bergen. Om du registrerer artar rundt om i landet på nettsida Artsobservasjoner.no, kan det verne verdifulle naturområde mot utbygging. Busker, tre og myrer klarar å ta unna mykje av ekstremnedbøren som kjem med klimaendringane. Då isen smelta og landet steig, vart fleire artar fanga i innsjøar. Dei kom seg ikkje ut og har levd der i over ti tusen år. Gartnar Morten Bragdø gir gode råd om korleis juleblomane kan få eit nytt liv i hagen etter julehøgtida. Dagens art er snømus, som ikkje er ei mus men eit mårdyr.53 min
- I dag blir kavalkade for 2016 med glimt frå heile landet! Vi blir med både Tove Fugelsnes, Helge Søfteland og Monika Blikås på fjorårets reiser til lands og til sjøs.1. januar 20171. januar 2017I dag blir kavalkade for 2016 med glimt frå heile landet! Vi blir med både Tove Fugelsnes, Helge Søfteland og Monika Blikås på fjorårets reiser til lands og til sjøs.53 min