Radioprogram
Radioprogram
Naturens verden
Naturprogram som tar lytterne med på naturopplevelser landet rundt.- oktober 20165 episoder
- Ho vann fotokonkurransen vår med eit blinkskot av ekorn i haustfargar, no fortel ho kva slags mat som lokkar både dyr og fuglar til kameraet eller hendene våre! Line Birgitte Holsen lærer også bort kunsten å temme fuglar og ekorn, og fortel om den rike naturen i Meland med mår og hjort i skogen, aure i vatnet, fisk i sjøen og havørn som leikar i vinden. Viss du finn ein morlaus pinnsvinunge i naturen kan du kontakte Pinnsvinhjelpen og dyret blir berga i ein fosterfamilie. Dagens art er jerv.30. oktober 201630. oktober 2016Ho vann fotokonkurransen vår med eit blinkskot av ekorn i haustfargar, no fortel ho kva slags mat som lokkar både dyr og fuglar til kameraet eller hendene våre! Line Birgitte Holsen lærer også bort kunsten å temme fuglar og ekorn, og fortel om den rike naturen i Meland med mår og hjort i skogen, aure i vatnet, fisk i sjøen og havørn som leikar i vinden. Viss du finn ein morlaus pinnsvinunge i naturen kan du kontakte Pinnsvinhjelpen og dyret blir berga i ein fosterfamilie. Dagens art er jerv.53 min
- Visste du at enkelte fiskar og sjødyr gjer som trekkfuglane om vinteren? Nokre av dei trekker ned til djupare og varmare vatn når kulda kjem krypande. Andre likar kulda godt, men flyttar seg etter kvar matfatet vandrar langs kyst og fjordarmar. Andre igjen kjem trekkande til oss frå sørlegare breiddegrader om vinteren, noko som kan gjere det svært spennande å snorkle vinterstid! Dagens art er østers.23. oktober 201623. oktober 2016Visste du at enkelte fiskar og sjødyr gjer som trekkfuglane om vinteren? Nokre av dei trekker ned til djupare og varmare vatn når kulda kjem krypande. Andre likar kulda godt, men flyttar seg etter kvar matfatet vandrar langs kyst og fjordarmar. Andre igjen kjem trekkande til oss frå sørlegare breiddegrader om vinteren, noko som kan gjere det svært spennande å snorkle vinterstid! Dagens art er østers.53 min
- Nær Tromsø by ligg det bildevakre Grindøysundet naturreservat, som gir sjøfuglar rik tilgang på både mat og hekkeplassar. Minken har Statens naturoppsyn fått god kontroll på, oterbestanden veks og beitande sauer bevarar gamle kulturmarksenger. Vi nyt haustfargane på bjørka mens vi går langs lange, kvite skjelsandstrender. I eit av landets største kufjøs ligg kyrne mjukt i sand, dei har mat heile døgnet og dei har god plass. Dagens art er storsalamander.16. oktober 201616. oktober 2016Nær Tromsø by ligg det bildevakre Grindøysundet naturreservat, som gir sjøfuglar rik tilgang på både mat og hekkeplassar. Minken har Statens naturoppsyn fått god kontroll på, oterbestanden veks og beitande sauer bevarar gamle kulturmarksenger. Vi nyt haustfargane på bjørka mens vi går langs lange, kvite skjelsandstrender. I eit av landets største kufjøs ligg kyrne mjukt i sand, dei har mat heile døgnet og dei har god plass. Dagens art er storsalamander.53 min
- Vi går på månen - i Egersund! Same bergart finst nemleg i Magma geopark, som har UNESCO-vern grunna sine særeigne bergartar. Anortositt, noritt og andre typar fjell smykkar turen gjennom geoparken, desse dannar ulike mønster som fekk mytiske forklaringar før geologanes tid. Noregs reise frå sydpolen, og istiders kraft, har laga dagens landskap og fantastiske kunstverk i bergveggane! Blågrønbakteriar i vatn gjer at lamma får sjukdommen Alveld, ein ampull i magen kan kanskje berge dyra. Dagens art er kartlav.9. oktober 20169. oktober 2016Vi går på månen - i Egersund! Same bergart finst nemleg i Magma geopark, som har UNESCO-vern grunna sine særeigne bergartar. Anortositt, noritt og andre typar fjell smykkar turen gjennom geoparken, desse dannar ulike mønster som fekk mytiske forklaringar før geologanes tid. Noregs reise frå sydpolen, og istiders kraft, har laga dagens landskap og fantastiske kunstverk i bergveggane! Blågrønbakteriar i vatn gjer at lamma får sjukdommen Alveld, ein ampull i magen kan kanskje berge dyra. Dagens art er kartlav.53 min
- På eit nydeleg fjellvatn i Balsfjord i Troms legg vi ut i båt for å sjå årets vakraste eventyr - røyegytinga. Og lærer mykje av forskarar frå UiT Norges arktiske universitet i Tromsø. Damerøyene er kresne i val av menn, så mennene brukar all energi på å gjere seg ekstra raude og tiltrekkande. Men er det nok? Og kan fiskar bli forelska? Frå båten ser vi rett ned på røyenes gytegrunn, og undervasskamera viser endå meir av leiken. På Sunndalsøra er vi med på opptaking av potet, og dagens art er brunskjegglav.2. oktober 20162. oktober 2016På eit nydeleg fjellvatn i Balsfjord i Troms legg vi ut i båt for å sjå årets vakraste eventyr - røyegytinga. Og lærer mykje av forskarar frå UiT Norges arktiske universitet i Tromsø. Damerøyene er kresne i val av menn, så mennene brukar all energi på å gjere seg ekstra raude og tiltrekkande. Men er det nok? Og kan fiskar bli forelska? Frå båten ser vi rett ned på røyenes gytegrunn, og undervasskamera viser endå meir av leiken. På Sunndalsøra er vi med på opptaking av potet, og dagens art er brunskjegglav.53 min