Radioprogram
Radioprogram
Naturens verden
Naturprogram som tar lytterne med på naturopplevelser landet rundt.- mars 20184 episoder
- Det er fullt av små regnskogar på Vestlandet, vi vandrar i ein av dei og får forklart skilnadane av ein biolog. I desse regnskogane lever det svært sjeldne lav- og moseartar som kan forsvinne frå verda om vi ikkje tek vare på dei. Grantre med gode eigenskapar blir avla fram på Vestlandet gjennom ein genbank og frøplantasje. Ulike gener gir best resultat. Hamsun vgs i Hamarøy har eit 3-årig studium der elevane lærer om friluftsliv, hausting, jakt og miljø, og fer på tøffe turar i naturen. Dagens art er blåskjel.25. mars 201825. mars 2018Det er fullt av små regnskogar på Vestlandet, vi vandrar i ein av dei og får forklart skilnadane av ein biolog. I desse regnskogane lever det svært sjeldne lav- og moseartar som kan forsvinne frå verda om vi ikkje tek vare på dei. Grantre med gode eigenskapar blir avla fram på Vestlandet gjennom ein genbank og frøplantasje. Ulike gener gir best resultat. Hamsun vgs i Hamarøy har eit 3-årig studium der elevane lærer om friluftsliv, hausting, jakt og miljø, og fer på tøffe turar i naturen. Dagens art er blåskjel.53 min
- Vi er på sjøen med Statens naturoppsyn langs kysten av Agderfylka. Målet er å verne hekkeplassar for sjøfugl ved å ta ut mink og sette ut fuglekassar. I Raet nasjonalpark møter vi ein flokk steinkobbar, ein av dei er uvanleg lys i fargen og får namnet «Snehvit». I Trondheim får vi høyre at mistelteinen lever i symbiose med lauvtre. I Norge er planten freda, men sørpå kan han ta over og øydelegge for vertstreet. Dagens art er fuglekongen, som er Norges minste fugl.18. mars 201818. mars 2018Vi er på sjøen med Statens naturoppsyn langs kysten av Agderfylka. Målet er å verne hekkeplassar for sjøfugl ved å ta ut mink og sette ut fuglekassar. I Raet nasjonalpark møter vi ein flokk steinkobbar, ein av dei er uvanleg lys i fargen og får namnet «Snehvit». I Trondheim får vi høyre at mistelteinen lever i symbiose med lauvtre. I Norge er planten freda, men sørpå kan han ta over og øydelegge for vertstreet. Dagens art er fuglekongen, som er Norges minste fugl.53 min
- Allereie i februar startar våren lengst sør - i havet! Lenger nord startar oppblomstringa av algar, eller planteplankton, i mars og april. Dette dannar grunnlaget for alt liv i havet. Men det trengs nok lys, nok næringssalt og stabil sjø. Langs sjøbotnen veks det nye blad på taren, som mange artar treng for å overleve. På Ringvassøya skal vi møte ei som har fiska på isen i heile sitt liv, og som kosar seg blant høge fjell i vakker natur. Dagens art er nålefisk, den mest kjente av dei er sjøhesten.11. mars 201811. mars 2018Allereie i februar startar våren lengst sør - i havet! Lenger nord startar oppblomstringa av algar, eller planteplankton, i mars og april. Dette dannar grunnlaget for alt liv i havet. Men det trengs nok lys, nok næringssalt og stabil sjø. Langs sjøbotnen veks det nye blad på taren, som mange artar treng for å overleve. På Ringvassøya skal vi møte ei som har fiska på isen i heile sitt liv, og som kosar seg blant høge fjell i vakker natur. Dagens art er nålefisk, den mest kjente av dei er sjøhesten.53 min
- Den krystallreine snøen startar som rusk i atmosfæren, blir oppfatta som kvit og er alltid sekskanta. Kvifor er det slik? Klimaendringa vi opplever gir meir nedbør, dette kjem som snø om det er kaldt nok. Det påverkar skiføret både på høgfjellet og i låglandet. Det raske klimaskiftet gjer også at havet stig, berre på Grønland smeltar det no 4000 tonn is - i sekundet! Vi skal også møte ein kar i Tamokdalen i Troms som rapporterer om skredfare og held vegen open gjennom vinteren. Dagens art er raudrev.4. mars 20184. mars 2018Den krystallreine snøen startar som rusk i atmosfæren, blir oppfatta som kvit og er alltid sekskanta. Kvifor er det slik? Klimaendringa vi opplever gir meir nedbør, dette kjem som snø om det er kaldt nok. Det påverkar skiføret både på høgfjellet og i låglandet. Det raske klimaskiftet gjer også at havet stig, berre på Grønland smeltar det no 4000 tonn is - i sekundet! Vi skal også møte ein kar i Tamokdalen i Troms som rapporterer om skredfare og held vegen open gjennom vinteren. Dagens art er raudrev.53 min