Radioprogram
Radioprogram
Naturens verden
Naturprogram som tar lytterne med på naturopplevelser landet rundt.- oktober 20175 episoder
- "Pinnsvinhjelpen" sørger for at dei nær utryddingstruga dyra klarar å overleve. Om hausten tek dei hand om små piggsvinungar som er sjuke og svake, og gir dei mat, medisin og godt stell. Etter kvart som dei frisknar til og legg på seg, vil dei klare å overleve vinteren i dvale. Vi får gode råd og tips i Rogaland, der to piggsvin er klare for eit liv i naturen igjen. NINA forskar på gulpebollane til skarven for å finne ut kva han et no når han har slått seg til ved Gudbrandsdalslågen. Dagens art er karve, som vekst vilt i Noreg og er full av C-vitamin.29. oktober 201729. oktober 2017"Pinnsvinhjelpen" sørger for at dei nær utryddingstruga dyra klarar å overleve. Om hausten tek dei hand om små piggsvinungar som er sjuke og svake, og gir dei mat, medisin og godt stell. Etter kvart som dei frisknar til og legg på seg, vil dei klare å overleve vinteren i dvale. Vi får gode råd og tips i Rogaland, der to piggsvin er klare for eit liv i naturen igjen. NINA forskar på gulpebollane til skarven for å finne ut kva han et no når han har slått seg til ved Gudbrandsdalslågen. Dagens art er karve, som vekst vilt i Noreg og er full av C-vitamin.53 min
- Det finst glitrande gull i vår norske natur, sjølv om det er godt gøymt. Gullet har kome frå universet med fallande meteorittar, og mykje av det har også hamna i havet. Vi badar altså i gull! Gull er eit metall med svært mange gode eigenskapar og bruksområde, som i munnen vår og i teknologien vi omgir oss med. Vi besøkjer Nordland nasjonalparksenter i Saltdal og får flotte naturopplevingar i verdas beste klasserom utandørs. Dagens art er taskekrabbe.22. oktober 201722. oktober 2017Det finst glitrande gull i vår norske natur, sjølv om det er godt gøymt. Gullet har kome frå universet med fallande meteorittar, og mykje av det har også hamna i havet. Vi badar altså i gull! Gull er eit metall med svært mange gode eigenskapar og bruksområde, som i munnen vår og i teknologien vi omgir oss med. Vi besøkjer Nordland nasjonalparksenter i Saltdal og får flotte naturopplevingar i verdas beste klasserom utandørs. Dagens art er taskekrabbe.53 min
- Folk på Værøy i Lofoten har plukka opp enorme mengder plast langs alle strendene sine, som no er reine og eventyrleg vakre. Mange sjøfuglar finn vegen til Lofoten, der dei beitar på fisken langs kysten. Men mikroplast i havet har blitt eit stort verdsproblem. Selar i sjøen og ørner i lufta er naturlege innslag når folk på Værøy går tur på fjellet eller badar og padlar i sjøen. Dei siste 40 åra har vi mista 40 % av matjorda på grunn av måten vi driv jorda på. Vi må slutte å pløye, står det i Jordboka. Dagens art er taskekrabbe. Aina Johansen Trine Bensvik Bjørnar Høgset Karina Johansen Lars Olav Westerås Henriette Blumenfeldt Dag Jørund Lønning15. oktober 201715. oktober 2017Folk på Værøy i Lofoten har plukka opp enorme mengder plast langs alle strendene sine, som no er reine og eventyrleg vakre. Mange sjøfuglar finn vegen til Lofoten, der dei beitar på fisken langs kysten. Men mikroplast i havet har blitt eit stort verdsproblem. Selar i sjøen og ørner i lufta er naturlege innslag når folk på Værøy går tur på fjellet eller badar og padlar i sjøen. Dei siste 40 åra har vi mista 40 % av matjorda på grunn av måten vi driv jorda på. Vi må slutte å pløye, står det i Jordboka. Dagens art er taskekrabbe. Aina Johansen Trine Bensvik Bjørnar Høgset Karina Johansen Lars Olav Westerås Henriette Blumenfeldt Dag Jørund Lønning53 min
- Supermat er sunne og friske grønsaker, frukt og bær, som gir oss livsnødvendige stoff. Vi er på "Supermatdag" i botanisk hage i Bergen. Der er også ungdommar frå organisasjonen Spire, som deler ut kortreist supermat i kampen for ei bærekraftig framtid. Både norske og utanlandske grønsaker blir dyrka i kjøkkenhagen til Botanisk hage, vi får gode tips frå gartnaren. Hos Jacobsen på Berg i Tromsø er det geiter, grisar, høner og villsau. Alle dyra er ute året rundt, i all slags vêr. Dagens art er hegg, som blomstrar tidleg om våren og gir sterk lukt, då kan bonden så.8. oktober 20178. oktober 2017Supermat er sunne og friske grønsaker, frukt og bær, som gir oss livsnødvendige stoff. Vi er på "Supermatdag" i botanisk hage i Bergen. Der er også ungdommar frå organisasjonen Spire, som deler ut kortreist supermat i kampen for ei bærekraftig framtid. Både norske og utanlandske grønsaker blir dyrka i kjøkkenhagen til Botanisk hage, vi får gode tips frå gartnaren. Hos Jacobsen på Berg i Tromsø er det geiter, grisar, høner og villsau. Alle dyra er ute året rundt, i all slags vêr. Dagens art er hegg, som blomstrar tidleg om våren og gir sterk lukt, då kan bonden så.53 min
- Ein kameratgjeng reiser årleg til Værøy ytst i Lofoten for å finne både sjeldne og meir vanlege fuglar, vi slo følge i dag. Både gulbrynsangar, haukugle, havørn, kongeørn og ringtrost har dukka opp. Alarmen går blant fuglefolket når sjeldne godbitar som gulltrost, stripesanger, tundrapiplerke og steppelo blir sett i Noreg. Fuglekameratane frå Rogaland ringmerker kvart år fuglar på Værøy for å lære meir om trekket og antalet deira. Vi skal også høyre at nysnudde åkrar med timotei blir mest beita på av hjortedyr. Dyktige bønder får størst tap. Dagens art er hakkespett.1. oktober 20171. oktober 2017Ein kameratgjeng reiser årleg til Værøy ytst i Lofoten for å finne både sjeldne og meir vanlege fuglar, vi slo følge i dag. Både gulbrynsangar, haukugle, havørn, kongeørn og ringtrost har dukka opp. Alarmen går blant fuglefolket når sjeldne godbitar som gulltrost, stripesanger, tundrapiplerke og steppelo blir sett i Noreg. Fuglekameratane frå Rogaland ringmerker kvart år fuglar på Værøy for å lære meir om trekket og antalet deira. Vi skal også høyre at nysnudde åkrar med timotei blir mest beita på av hjortedyr. Dyktige bønder får størst tap. Dagens art er hakkespett.53 min