Radioprogram
Radioprogram
Naturens verden
Naturprogram som tar lytterne med på naturopplevelser landet rundt.- mai 20174 episoder
- Viker gårdsutsalg i Vikersund starta nyleg andelslandbruk, det var mektig populært blant byens familiar som vil dyrke eigen, økologisk mat! I dag er det dugnad i drivhuset for å få tomat, agurk, blomster, chili og mykje anna godt i jorda. Våren er travel på garden, kornet skal også i jorda og sauene lembar. Hønene pleier å beite på store uteområde, som også gjødslar jorda. Men no må dei inn i frykt for fugleinfluensa. Ein bonde i Gjemnes har utvikla ein halsklave som gjer at geitene kan beite innafor eit digitalt gjerde han teiknar på mobilen. Dagens art er strandmurerbie.28. mai 201728. mai 2017Viker gårdsutsalg i Vikersund starta nyleg andelslandbruk, det var mektig populært blant byens familiar som vil dyrke eigen, økologisk mat! I dag er det dugnad i drivhuset for å få tomat, agurk, blomster, chili og mykje anna godt i jorda. Våren er travel på garden, kornet skal også i jorda og sauene lembar. Hønene pleier å beite på store uteområde, som også gjødslar jorda. Men no må dei inn i frykt for fugleinfluensa. Ein bonde i Gjemnes har utvikla ein halsklave som gjer at geitene kan beite innafor eit digitalt gjerde han teiknar på mobilen. Dagens art er strandmurerbie.53 min
- 59 grader Topptur har blitt årets høgdepunkt for naturbrukselevar i Buskerud, med rebusløype i skogen, hestar, maskiner og gevær. Vi opplever fjellet og skogen ved Buskerud gård, som gav namn til fylket og som no utdannar framtidas naturbrukarar. Når mora beiter, gøymer rådyrkalvane seg i graset på åkrane, og dei flyttar seg ikkje når slåmaskinene kjem. Ein bonde kan ha funne redninga. Dagens art er breiflabb.21. mai 201721. mai 201759 grader Topptur har blitt årets høgdepunkt for naturbrukselevar i Buskerud, med rebusløype i skogen, hestar, maskiner og gevær. Vi opplever fjellet og skogen ved Buskerud gård, som gav namn til fylket og som no utdannar framtidas naturbrukarar. Når mora beiter, gøymer rådyrkalvane seg i graset på åkrane, og dei flyttar seg ikkje når slåmaskinene kjem. Ein bonde kan ha funne redninga. Dagens art er breiflabb.53 min
- Vil du oppleve arktisk natur, finn du svært mykje i og nær Longyearbyen. I Bjørndalen har hekkinga til alkekongen starta. Alarmen går når kvalar dukkar opp i Isfjorden, som kvitkval, blåkval, vågekval og finnkval. Kvalrossen har også begynt å komme tilbake. I Adventdalen utanfor Longyearbyen vil snø og is snart forsvinne og avdekke eit frodig våtmarksområde med yrande fugleliv. Verdas Helseorganisasjon meiner at byfolk ikkje må bu lengre enn 300 meter unna ein park, for det er helsefremjande å bruke parken. Dagens art er den utryddingstrua rødknappsandbia.14. mai 201714. mai 2017Vil du oppleve arktisk natur, finn du svært mykje i og nær Longyearbyen. I Bjørndalen har hekkinga til alkekongen starta. Alarmen går når kvalar dukkar opp i Isfjorden, som kvitkval, blåkval, vågekval og finnkval. Kvalrossen har også begynt å komme tilbake. I Adventdalen utanfor Longyearbyen vil snø og is snart forsvinne og avdekke eit frodig våtmarksområde med yrande fugleliv. Verdas Helseorganisasjon meiner at byfolk ikkje må bu lengre enn 300 meter unna ein park, for det er helsefremjande å bruke parken. Dagens art er den utryddingstrua rødknappsandbia.53 min
- Firmaet Svalbard husky er populær blant turistane, og dei nær 100 alaska huskyane i kennelen har alle personlegdomar frå bølle til skulelys. Dei held til i den arktiske ørkenen i Adventdalen, og i fjellet over er den siste norske kolgruva i drift. Robert og Sissel fortel om fleire møte med isbjørn, dei måtte blant anna springe MOT ein isbjørn for å komme i tryggleik, berre timar før sitt eige bryllaup – og det midt på sommaren! I Julsundet på Romsdalskysten fjernar ungane søppel i fjæra og det er dei knøttsmå plastpartiklane som er farlegast. Dagens art er den fargesprakande isfuglen.7. mai 20177. mai 2017Firmaet Svalbard husky er populær blant turistane, og dei nær 100 alaska huskyane i kennelen har alle personlegdomar frå bølle til skulelys. Dei held til i den arktiske ørkenen i Adventdalen, og i fjellet over er den siste norske kolgruva i drift. Robert og Sissel fortel om fleire møte med isbjørn, dei måtte blant anna springe MOT ein isbjørn for å komme i tryggleik, berre timar før sitt eige bryllaup – og det midt på sommaren! I Julsundet på Romsdalskysten fjernar ungane søppel i fjæra og det er dei knøttsmå plastpartiklane som er farlegast. Dagens art er den fargesprakande isfuglen.53 min