Radioprogram
Radioprogram
Naturens verden
Naturprogram som tar lytterne med på naturopplevelser landet rundt.- april 20175 episoder
- Svalbardrype, villrein og fjellrev lever godt i nasjonalparken vi besøkjer på Svalbard, ein times skutertur frå Longyearbyen. Heilt nede ved Tempelfjorden besøkjer vi gamle Fredheim fangststasjon, der isbjørnen no jaktar på selkjøt når selane føder på isen, og kvalen regjerer i havet. Varmare klima og mindre is på Svalbard påverkar arktiske artar, og gjer at stranderosjonen går raskare så kulturminne går tapt. I Noreg blir det bygd hus av tre, men bygningsmaterialet er ofte henta frå utlandet. Langreist tømmer er ikkje bra for klimaet. Dagens art er oter, eit mårdyr som er raudlista.30. april 201730. april 2017Svalbardrype, villrein og fjellrev lever godt i nasjonalparken vi besøkjer på Svalbard, ein times skutertur frå Longyearbyen. Heilt nede ved Tempelfjorden besøkjer vi gamle Fredheim fangststasjon, der isbjørnen no jaktar på selkjøt når selane føder på isen, og kvalen regjerer i havet. Varmare klima og mindre is på Svalbard påverkar arktiske artar, og gjer at stranderosjonen går raskare så kulturminne går tapt. I Noreg blir det bygd hus av tre, men bygningsmaterialet er ofte henta frå utlandet. Langreist tømmer er ikkje bra for klimaet. Dagens art er oter, eit mårdyr som er raudlista.53 min
- Norske hagar har blitt så strigla og blomsterfrie at pollinerande insekt slit med å overleve. Dei finn verken mat eller husrom. Bygg eit insekthotell i hagen og hjelp humler og bier med å overleve. I tillegg får du eit vakkert smykke i hagen! Veggdyr tilhøyrer den blodsugande gruppa med teger, der vi finn både skadedyr og nyttedyr i naturen. På Storjord i Saltdal ligg det første huset Statsskog bygde, Skogvaktargarden. No er det fullt utstyrt og klart for overnattingsgjester. Dagens art er gullvepsen, ein parasitt som legg egg i hulene til murvepsen.23. april 201723. april 2017Norske hagar har blitt så strigla og blomsterfrie at pollinerande insekt slit med å overleve. Dei finn verken mat eller husrom. Bygg eit insekthotell i hagen og hjelp humler og bier med å overleve. I tillegg får du eit vakkert smykke i hagen! Veggdyr tilhøyrer den blodsugande gruppa med teger, der vi finn både skadedyr og nyttedyr i naturen. På Storjord i Saltdal ligg det første huset Statsskog bygde, Skogvaktargarden. No er det fullt utstyrt og klart for overnattingsgjester. Dagens art er gullvepsen, ein parasitt som legg egg i hulene til murvepsen.53 min
- På ei gamal slåttemark i Maridalen i Oslo finn vi plantar i full vårblomst, og høyrer kva meir som snart kjem grunna god skjøtsel. Dei første klasane med froskeegg finn vi i ein grunn sølepytt. Straks telen går ved beverdammen startar dei der også. Jordbruk og skogbruk har påverka kva plantar og dyr som har funne gode leveområde nettopp i Maridalen. Kortnebbgåsa mellomlandar på Beistad i Nord-Trøndelag og i Vesterålen for å beite på sin veg mot Svalbard. Det likar ikkje bøndene. Dagens art er kamskjel.16. april 201716. april 2017På ei gamal slåttemark i Maridalen i Oslo finn vi plantar i full vårblomst, og høyrer kva meir som snart kjem grunna god skjøtsel. Dei første klasane med froskeegg finn vi i ein grunn sølepytt. Straks telen går ved beverdammen startar dei der også. Jordbruk og skogbruk har påverka kva plantar og dyr som har funne gode leveområde nettopp i Maridalen. Kortnebbgåsa mellomlandar på Beistad i Nord-Trøndelag og i Vesterålen for å beite på sin veg mot Svalbard. Det likar ikkje bøndene. Dagens art er kamskjel.53 min
- Ein ny måte å dyrke eple på som blir prøvd ut i Sogn, gir opp mot trippel avling i høve til tradisjonell epledyrking. Her kjem også Celina-pæra frå, ein ny og raud pæresort som heile verda no vil dyrke. Celina-kvistane dei podar med, kjem frå to tre i Sogn! Inne i låste drivhus blir nye plommesortar kryssa fram, og rekker med sådde eplekjerne kan gje heilt nye epleslag om 10 år. I Lyngsalpane et alpelamma seg oppover etter kvart som snøen smeltar. Kjøtet er eksklusivt og selgast berre i ein einaste butikk. Dagens art er lappugle.9. april 20179. april 2017Ein ny måte å dyrke eple på som blir prøvd ut i Sogn, gir opp mot trippel avling i høve til tradisjonell epledyrking. Her kjem også Celina-pæra frå, ein ny og raud pæresort som heile verda no vil dyrke. Celina-kvistane dei podar med, kjem frå to tre i Sogn! Inne i låste drivhus blir nye plommesortar kryssa fram, og rekker med sådde eplekjerne kan gje heilt nye epleslag om 10 år. I Lyngsalpane et alpelamma seg oppover etter kvart som snøen smeltar. Kjøtet er eksklusivt og selgast berre i ein einaste butikk. Dagens art er lappugle.53 min
- Vi har ikkje tradisjon for å dyrke tindved her til lands, men det gir svært næringsrike bær. No blir dyrking og hausting testa av Njøs næringsutvikling i Sogn. Dei testar også om andre artar som minikiwi, eldkvede og svarthyll egnar seg for fruktbønder. Vi får også høyre om gode økologiske dyrkingsmåtar der insekt og fuglar steller frukthagen. I Tingvoll utbetrar vegvesenet vegen og drep parkslirekne og lupiner . Elvemuslingen blir forsiktig flytta unna vegtraseen. Dagens art er fjellbjørkemålaren.2. april 20172. april 2017Vi har ikkje tradisjon for å dyrke tindved her til lands, men det gir svært næringsrike bær. No blir dyrking og hausting testa av Njøs næringsutvikling i Sogn. Dei testar også om andre artar som minikiwi, eldkvede og svarthyll egnar seg for fruktbønder. Vi får også høyre om gode økologiske dyrkingsmåtar der insekt og fuglar steller frukthagen. I Tingvoll utbetrar vegvesenet vegen og drep parkslirekne og lupiner . Elvemuslingen blir forsiktig flytta unna vegtraseen. Dagens art er fjellbjørkemålaren.53 min