Radioprogram
Radioprogram
Naturens verden
Naturprogram som tar lytterne med på naturopplevelser landet rundt.- april 20185 episoder
- Vi leitar etter vårens første insekt i Botanisk hage i Oslo. Sommarfuglar kan overvintre både som vaksne og som larver, nokre kjem flygande frå Afrika. Dei ulike biene og humlene treng ulike blomar og skjul for å kunne overleve og bringe slekta vidare. Bygg biehotell i hagen! Insektinteresserte kjem saman i Norsk entomologisk foreining, der også ungdommar lærer gjennom morsomme utflukter og kurs. Gauken er på veg frå Afrika for å legge egg i andres reir. Sjølv om han snyltar på andre er gauken nær truga og på raudlista. Vi skal også bli med barn og vaksne ut til eit lite vatn i Kristiansand der paddeparinga no skjer for fullt. Dagens art er Tromsøpalme.29. april 201829. april 2018Vi leitar etter vårens første insekt i Botanisk hage i Oslo. Sommarfuglar kan overvintre både som vaksne og som larver, nokre kjem flygande frå Afrika. Dei ulike biene og humlene treng ulike blomar og skjul for å kunne overleve og bringe slekta vidare. Bygg biehotell i hagen! Insektinteresserte kjem saman i Norsk entomologisk foreining, der også ungdommar lærer gjennom morsomme utflukter og kurs. Gauken er på veg frå Afrika for å legge egg i andres reir. Sjølv om han snyltar på andre er gauken nær truga og på raudlista. Vi skal også bli med barn og vaksne ut til eit lite vatn i Kristiansand der paddeparinga no skjer for fullt. Dagens art er Tromsøpalme.53 min
- Vi får oppleve Nordre Øyeren naturreservat i Akershus, som er det mest artsrike i Noreg for vassplanter og fiskar. Her finn vi Nord-Europas største ferskvassdelta, på sandbankane rastar mange forskjellige fugleartar på trekket sitt. Statens naturoppsyn fortel om dyrelivet i dette freda området, hit rømmer elgen under elgjakta og her kom ulven symjande. Vår er også hagetid, sjølv om det framleis er frost mange stader. Men stemorsblomane toler det meste viss dei blir dekt til om natta. Dagens art er gråspett.22. april 201822. april 2018Vi får oppleve Nordre Øyeren naturreservat i Akershus, som er det mest artsrike i Noreg for vassplanter og fiskar. Her finn vi Nord-Europas største ferskvassdelta, på sandbankane rastar mange forskjellige fugleartar på trekket sitt. Statens naturoppsyn fortel om dyrelivet i dette freda området, hit rømmer elgen under elgjakta og her kom ulven symjande. Vår er også hagetid, sjølv om det framleis er frost mange stader. Men stemorsblomane toler det meste viss dei blir dekt til om natta. Dagens art er gråspett.53 min
- Edellauvskogar med ask er også rike på andre artar som moser, lav, insekt og blomster. Men aska står i fare for å dø ut i Noreg. Soppen som gir askeskuddsjuke og drep trea, kom frå Asia og sprer seg raskt med vinden. Redninga kan vere enkelte asketre sine gener, som står imot soppangrepet. Når askeskogen dør, kan den svartelista platanlønna overta, også i naturreservat der vi ikkje skal gripe inn. Vi skal også høyre at fleire biller, planter og soppar er avhengige av brann og høge temperaturar. No brenn det for lite, og dei kan dø ut. Dagens art er steinkobbe.15. april 201815. april 2018Edellauvskogar med ask er også rike på andre artar som moser, lav, insekt og blomster. Men aska står i fare for å dø ut i Noreg. Soppen som gir askeskuddsjuke og drep trea, kom frå Asia og sprer seg raskt med vinden. Redninga kan vere enkelte asketre sine gener, som står imot soppangrepet. Når askeskogen dør, kan den svartelista platanlønna overta, også i naturreservat der vi ikkje skal gripe inn. Vi skal også høyre at fleire biller, planter og soppar er avhengige av brann og høge temperaturar. No brenn det for lite, og dei kan dø ut. Dagens art er steinkobbe.53 min
- No når våren i havet har starta, kjem kvalane nordover til oss for å beite. På havet kan vi blant anna sjå knølkval, spermkval og blåkval. Forskarar frå heile verda kartlegg kor mange kvalar det finst av ulike artar, vågekvalen er talrik og kan fangstast på hos oss. Forskarane har funne ut meir om grønlandskvalen, som nesten var utrydda. Den lever langs iskanten og kan bli 250 år gamal! I Tromsø får vi høyre at små planteartar reiser på kryss og tvers av jorda. Dei haikar med trekkfuglar, og lavartar har reist frå pol til pol. Dagens art er fisken knurr.8. april 20188. april 2018No når våren i havet har starta, kjem kvalane nordover til oss for å beite. På havet kan vi blant anna sjå knølkval, spermkval og blåkval. Forskarar frå heile verda kartlegg kor mange kvalar det finst av ulike artar, vågekvalen er talrik og kan fangstast på hos oss. Forskarane har funne ut meir om grønlandskvalen, som nesten var utrydda. Den lever langs iskanten og kan bli 250 år gamal! I Tromsø får vi høyre at små planteartar reiser på kryss og tvers av jorda. Dei haikar med trekkfuglar, og lavartar har reist frå pol til pol. Dagens art er fisken knurr.53 min
- Han er oppfostra med sjark og synest dette er livet - vi legg frå kai i Bømlo for å dra garn og høyre meir om livet som fiskar. Det blir dramatisk om bord når eit beist av ein krabbe kjem opp med fiskegarnet og nesten knusar fiskarens peikefinger. Spekkhoggarar og knølkvalar omringa sjarken i Nord-Norge, naturopplevingar står i kø langs heile kysten for fiskaren vår. Ein Kirkenesmann var berre 19 år då han opna vinbar på Frogner, sidan har han jobba med hytter og naturturisme. No satsar han på ishotell. Dagens art er hare.1. april 20181. april 2018Han er oppfostra med sjark og synest dette er livet - vi legg frå kai i Bømlo for å dra garn og høyre meir om livet som fiskar. Det blir dramatisk om bord når eit beist av ein krabbe kjem opp med fiskegarnet og nesten knusar fiskarens peikefinger. Spekkhoggarar og knølkvalar omringa sjarken i Nord-Norge, naturopplevingar står i kø langs heile kysten for fiskaren vår. Ein Kirkenesmann var berre 19 år då han opna vinbar på Frogner, sidan har han jobba med hytter og naturturisme. No satsar han på ishotell. Dagens art er hare.53 min