Radioprogram
Radioprogram
Naturens verden
Naturprogram som tar lytterne med på naturopplevelser landet rundt.- april 20154 episoder
- Dyrking av grønsaker, bær og blomar i eigen hage har blitt trendy, også blant unge som ikkje lærte dette i barndomen. Med rett jordgrunnlag får du mindre arbeid i hagen, no har det blitt enkelt å måle og ordne jordas Ph-verdi. Planter treng også næring for å vekse og blomstre, vi får tips til ulike typar gjødsel. Og får høyre korleis dei gjødsla jordbær før… Rundt om på alle sauegardar kjem det i desse dagar små lam til verda. Vi besøker ein gard der utegangarsauene får lembe inne. Dagens art er gravplasslav. På gamle rue gravsteinar veks sopp og lav, på nye glatte steinar veks ingenting. Det er ikkje bra for det biologiske mangfaldet.26. april 201526. april 2015Dyrking av grønsaker, bær og blomar i eigen hage har blitt trendy, også blant unge som ikkje lærte dette i barndomen. Med rett jordgrunnlag får du mindre arbeid i hagen, no har det blitt enkelt å måle og ordne jordas Ph-verdi. Planter treng også næring for å vekse og blomstre, vi får tips til ulike typar gjødsel. Og får høyre korleis dei gjødsla jordbær før… Rundt om på alle sauegardar kjem det i desse dagar små lam til verda. Vi besøker ein gard der utegangarsauene får lembe inne. Dagens art er gravplasslav. På gamle rue gravsteinar veks sopp og lav, på nye glatte steinar veks ingenting. Det er ikkje bra for det biologiske mangfaldet.57 min
- På Kringsjå leirskule i Balestrand i Sogn og Fjordane lærer elevar frå fleire fylke om alt som lever nede i Sognefjorden. Dei dreg garn og ruser, sløyer fisken og undersøkjer magesekk og hjerne. Og hyler om kapp når krabbane krabbar rundt i båten. Leik og lære skapar framtidas naturforvaltarar, fortel læraren, og fyller opp Sognefjord akvarium med elevanes fangst. På Gjermundnes i Møre og Romsdal er elevar frå Naturbruksskular samla for å kjempe om plass i EM og VM i skogkunnskap. Og dagens art i sendinga vår er lyngskvetten, ein nyinnvandra fugl i Noreg som er avhengig av varme vintrar for å kunne vere her i landet.19. april 201519. april 2015På Kringsjå leirskule i Balestrand i Sogn og Fjordane lærer elevar frå fleire fylke om alt som lever nede i Sognefjorden. Dei dreg garn og ruser, sløyer fisken og undersøkjer magesekk og hjerne. Og hyler om kapp når krabbane krabbar rundt i båten. Leik og lære skapar framtidas naturforvaltarar, fortel læraren, og fyller opp Sognefjord akvarium med elevanes fangst. På Gjermundnes i Møre og Romsdal er elevar frå Naturbruksskular samla for å kjempe om plass i EM og VM i skogkunnskap. Og dagens art i sendinga vår er lyngskvetten, ein nyinnvandra fugl i Noreg som er avhengig av varme vintrar for å kunne vere her i landet.57 min
- Den store naturgleda gjorde at han begynte å stoppe ut dyr som gutunge, no har det blitt leveveg i bedrifta Naturexpo i Kristiansand. Vi blir med inn og ser korleis dei tek i mot og stoppar ut dyr og fuglar til ei mest mogleg naturtru utgåve av arten. Eit breidt spekter av bjørnar, elgar og fuglar er blant utstilingane deira som skal på vandring rundt om i landet. På Kårvatn ved Trollheimen kan du overnatte under himmelmåla tak og vakne til glade raut frå skotsk Angus. Dagens art er sølvnever, som er grøn når han er våt og sølvkvit når han er tørr, og veks på berg og i edellauvskog.12. april 201512. april 2015Den store naturgleda gjorde at han begynte å stoppe ut dyr som gutunge, no har det blitt leveveg i bedrifta Naturexpo i Kristiansand. Vi blir med inn og ser korleis dei tek i mot og stoppar ut dyr og fuglar til ei mest mogleg naturtru utgåve av arten. Eit breidt spekter av bjørnar, elgar og fuglar er blant utstilingane deira som skal på vandring rundt om i landet. På Kårvatn ved Trollheimen kan du overnatte under himmelmåla tak og vakne til glade raut frå skotsk Angus. Dagens art er sølvnever, som er grøn når han er våt og sølvkvit når han er tørr, og veks på berg og i edellauvskog.57 min
- Først i denne sendinga skal vi få ei varm naturhistorie frå ein mann som finn mykje livsvisdom i naturen, både i Noreg og i Afrika. Han reiste til Sierra Leone for å hjelpe ebolasjuke, men fann også ro og harmoni i møte med naturen og menneska der. I Saltstraumen i Nordland skal vi møte ein anna kar som er lidenskapeleg opptatt av salt. No vil han hente ut godsakene frå verdas sterkaste tidevasstraum, og lage salt frå Saltstraumen. Dagens art er haren, som er nattaktiv og et busker og kratt. Han ser svært godt og er rask, men sit musestille viss han er truga.5. april 20155. april 2015Først i denne sendinga skal vi få ei varm naturhistorie frå ein mann som finn mykje livsvisdom i naturen, både i Noreg og i Afrika. Han reiste til Sierra Leone for å hjelpe ebolasjuke, men fann også ro og harmoni i møte med naturen og menneska der. I Saltstraumen i Nordland skal vi møte ein anna kar som er lidenskapeleg opptatt av salt. No vil han hente ut godsakene frå verdas sterkaste tidevasstraum, og lage salt frå Saltstraumen. Dagens art er haren, som er nattaktiv og et busker og kratt. Han ser svært godt og er rask, men sit musestille viss han er truga.57 min