Radioprogram
Radioprogram
Naturens verden
Naturprogram som tar lytterne med på naturopplevelser landet rundt.- mars 20155 episoder
- Jordskokk kan haustast heile vinteren, også med spett om det må til! Den knudrete, potetliknande rotgrønsaken er saftig med nøtteaktig smak, kalorifattig og god for tarmen. Det viser forsking som Bioforsk øst Landvik i Grimstad har gjort. Dersom gulrøtene blir stressa etter opptak, reagerer dei med å bli bitre på smak, vi lærer korleis vi unngår det. Vi høyrer også om økologisk dyrking, og at svinn i grønsakindustrien kan brukast til grønsaksmoothie. Kirsten Winge i Hedmark har laga mange matbøker om elg, men vann sølv i kokebok-VM med ei bok om bær. Dagens art er galleveps. Gallevepsen lagar og fødast i klinkekuleliknande vorter på t.d. eikeblad, og gallen i vorta vart bruka som blekk i gamle dagar.29. mars 201529. mars 2015Jordskokk kan haustast heile vinteren, også med spett om det må til! Den knudrete, potetliknande rotgrønsaken er saftig med nøtteaktig smak, kalorifattig og god for tarmen. Det viser forsking som Bioforsk øst Landvik i Grimstad har gjort. Dersom gulrøtene blir stressa etter opptak, reagerer dei med å bli bitre på smak, vi lærer korleis vi unngår det. Vi høyrer også om økologisk dyrking, og at svinn i grønsakindustrien kan brukast til grønsaksmoothie. Kirsten Winge i Hedmark har laga mange matbøker om elg, men vann sølv i kokebok-VM med ei bok om bær. Dagens art er galleveps. Gallevepsen lagar og fødast i klinkekuleliknande vorter på t.d. eikeblad, og gallen i vorta vart bruka som blekk i gamle dagar.57 min
- Endelause tepper av krokus og snøklokker møter oss på Arboretet og botanisk hage på Milde, vi ser nydelege påskeliljer i miniatyr og andre vårteikn. Vårarbeid i hagen er å rydde vekk rusk frå vinterstormane, flytte og beskjære busker og gjere klart for nye planter. Langs den milde Fanafjorden trivst magnoliatreet, som står sprekkeferdig til å komme med store, vakre blomar no før lauvet kjem. På garden i Nordre Osen i Hedmark har seks ulvar komme heilt inn på tunet til kyrne og kalvane som går ute. SNO ser på saka. Og dagens art er markmusa vånn.22. mars 201522. mars 2015Endelause tepper av krokus og snøklokker møter oss på Arboretet og botanisk hage på Milde, vi ser nydelege påskeliljer i miniatyr og andre vårteikn. Vårarbeid i hagen er å rydde vekk rusk frå vinterstormane, flytte og beskjære busker og gjere klart for nye planter. Langs den milde Fanafjorden trivst magnoliatreet, som står sprekkeferdig til å komme med store, vakre blomar no før lauvet kjem. På garden i Nordre Osen i Hedmark har seks ulvar komme heilt inn på tunet til kyrne og kalvane som går ute. SNO ser på saka. Og dagens art er markmusa vånn.57 min
- For 150 år sidan starta handelsmenn i Bergen ein ølklubb, som blei starten på skogplanting og skogforsking i Noreg. Forskarane utropa sitkagrana som beste tresort langs kysten, treplanting gav le for avlingar og berga fattige nordmenn etter krigen. All treplantinga gir no mykje tømmer for Kystskogbruket, som etterlyser tømmerkaier og skipstransport. Sjølv om sitkagrana har blitt utskjelt i nyare tid, var den viktig før, og blir viktig for ny industri i framtida, som norskproduserte treski. Vi skal også høyre at færre dyr har blitt påkøyrde av bilar og tog etter at Lunner Almenning i Oppland starta med å legge ut fôrballar til elgen om vinteren. Dagens art er gjerdesmetten, som er Noregs nest minste fugl. Den overvintrar og lever berre av insekt, så han har ingen glede av velfylte fuglebrett.15. mars 201515. mars 2015For 150 år sidan starta handelsmenn i Bergen ein ølklubb, som blei starten på skogplanting og skogforsking i Noreg. Forskarane utropa sitkagrana som beste tresort langs kysten, treplanting gav le for avlingar og berga fattige nordmenn etter krigen. All treplantinga gir no mykje tømmer for Kystskogbruket, som etterlyser tømmerkaier og skipstransport. Sjølv om sitkagrana har blitt utskjelt i nyare tid, var den viktig før, og blir viktig for ny industri i framtida, som norskproduserte treski. Vi skal også høyre at færre dyr har blitt påkøyrde av bilar og tog etter at Lunner Almenning i Oppland starta med å legge ut fôrballar til elgen om vinteren. Dagens art er gjerdesmetten, som er Noregs nest minste fugl. Den overvintrar og lever berre av insekt, så han har ingen glede av velfylte fuglebrett.57 min
- Korleis snøkrystallar, snøflak og hagl blir til er avhengig av både temperatur, luftpartiklar, fuktigheit og vind. Dette bestemmer også korleis snøen smeltar no når våren etter kvart kjem. Delar av Vestlandet har faktisk ikkje hatt vinter på mange år, men gått rett frå haust til vår! Oppe i fjella kan den vakre snøen forvandle seg til farlege skred, også det på ulike måtar. Vêret er ikkje alltid lett å forstå, men ei barnebok om vêr har fått formidlingspris i Polen. Tove Fugelsnes har meldt seg på ridetur i fjellet, men kan ikkje ri. På Stall Stølan får ho grundig opplæring frå grunnen av. Dagens art er hasselrulav, som veks på stammen på hasseltre. Dei fleste funna i heile verda er gjort i Tingvoll kommune og litt i Flora kommune.8. mars 20158. mars 2015Korleis snøkrystallar, snøflak og hagl blir til er avhengig av både temperatur, luftpartiklar, fuktigheit og vind. Dette bestemmer også korleis snøen smeltar no når våren etter kvart kjem. Delar av Vestlandet har faktisk ikkje hatt vinter på mange år, men gått rett frå haust til vår! Oppe i fjella kan den vakre snøen forvandle seg til farlege skred, også det på ulike måtar. Vêret er ikkje alltid lett å forstå, men ei barnebok om vêr har fått formidlingspris i Polen. Tove Fugelsnes har meldt seg på ridetur i fjellet, men kan ikkje ri. På Stall Stølan får ho grundig opplæring frå grunnen av. Dagens art er hasselrulav, som veks på stammen på hasseltre. Dei fleste funna i heile verda er gjort i Tingvoll kommune og litt i Flora kommune.57 min
- Rundt Mosvannet i Stavanger søv tusenvis av kråker saman i tretoppane om vinteren, vi er der når dei vaknar og begynner å skravle. Etter kvart lettar dei i store svermar for å fly til åkrar og matfat rundt om i heile Rogaland, før dei kjem tilbake til fellesovernattinga om kvelden att. Dei smarte fuglane har store hjernar, og hadde høg status i folketrua før. Men statusen har stupt grunna religion og den store bybrannen i London i 1666… På Lesja blir vi med på ultralydundersøking av sauer, og det er talet på lam i magen som avgjer kor mykje fôr sauen får. Stadig fleire sauer føder både tre og fire lam, eitt av lamma blir då lura bort til ein sau som berre fekk eitt lam sjølv. Dagens art er amasonemaur, som berre er funnen på Skåtøy utanfor Kragerø. Der raidar dei andre maurtuer og skaffar seg slavar.1. mars 20151. mars 2015Rundt Mosvannet i Stavanger søv tusenvis av kråker saman i tretoppane om vinteren, vi er der når dei vaknar og begynner å skravle. Etter kvart lettar dei i store svermar for å fly til åkrar og matfat rundt om i heile Rogaland, før dei kjem tilbake til fellesovernattinga om kvelden att. Dei smarte fuglane har store hjernar, og hadde høg status i folketrua før. Men statusen har stupt grunna religion og den store bybrannen i London i 1666… På Lesja blir vi med på ultralydundersøking av sauer, og det er talet på lam i magen som avgjer kor mykje fôr sauen får. Stadig fleire sauer føder både tre og fire lam, eitt av lamma blir då lura bort til ein sau som berre fekk eitt lam sjølv. Dagens art er amasonemaur, som berre er funnen på Skåtøy utanfor Kragerø. Der raidar dei andre maurtuer og skaffar seg slavar.57 min