Naturens verden

8. mars 2015

8. mars 2015

8. mars 2015

Hør episoden57 min

Del lenke

Om episodenTidspunkterDetaljerMedvirkendeAndre har også hørtKorleis snøkrystallar, snøflak og hagl blir til er avhengig av både temperatur, luftpartiklar, fuktigheit og vind. Dette bestemmer også korleis snøen smeltar no når våren etter kvart kjem. Delar av Vestlandet har faktisk ikkje hatt vinter på mange år, men gått rett frå haust til vår! Oppe i fjella kan den vakre snøen forvandle seg til farlege skred, også det på ulike måtar. Vêret er ikkje alltid lett å forstå, men ei barnebok om vêr har fått formidlingspris i Polen. Tove Fugelsnes har meldt seg på ridetur i fjellet, men kan ikkje ri. På Stall Stølan får ho grundig opplæring frå grunnen av. Dagens art er hasselrulav, som veks på stammen på hasseltre. Dei fleste funna i heile verda er gjort i Tingvoll kommune og litt i Flora kommune.