Naturens verden

11. juni 2017

11. juni 2017

11. juni 2017

Hør episoden53 min

Del lenke

Om episodenTidspunkterDetaljerMedvirkendeAndre har også hørtHan er berre 25 år, men driv slektsgarden i Kvam med sau, kalkun og skog, og vil gjerne starte att med svin og ammekyr. I tillegg er han avløysar for andre rundt seg. Nyklekte kalkunkyllingar kjem som gjester til Fosso gard for oppfôring før dei fer vidare. Ute er det tid for slått og rundballing i heile Kvam. Sauene har no fått ferie og går på sommarbeite i fjellet i Hardanger, men ørner og sjukdom gjer at bøndene fører jamnleg tilsyn med dei. I det djupe og kalde innhavet Karihavet i Tingvoll lever sjeldne havdyr som har vore der sidan istida. Dagens art er mnemosynesommarfuglen, den er stor og kvit og blir kalla Vestlandets kvite juvel. Han er sterkt trua men du kan sjå han i Sunndal.