Naturens verden

15. mars 2015

15. mars 2015

15. mars 2015

Hør episoden57 min

Del lenke

Om episodenTidspunkterDetaljerMedvirkendeAndre har også hørtFor 150 år sidan starta handelsmenn i Bergen ein ølklubb, som blei starten på skogplanting og skogforsking i Noreg. Forskarane utropa sitkagrana som beste tresort langs kysten, treplanting gav le for avlingar og berga fattige nordmenn etter krigen. All treplantinga gir no mykje tømmer for Kystskogbruket, som etterlyser tømmerkaier og skipstransport. Sjølv om sitkagrana har blitt utskjelt i nyare tid, var den viktig før, og blir viktig for ny industri i framtida, som norskproduserte treski. Vi skal også høyre at færre dyr har blitt påkøyrde av bilar og tog etter at Lunner Almenning i Oppland starta med å legge ut fôrballar til elgen om vinteren. Dagens art er gjerdesmetten, som er Noregs nest minste fugl. Den overvintrar og lever berre av insekt, så han har ingen glede av velfylte fuglebrett.